Fragment frå og til verdskonferansen

Fyrst ei sjølvsagt sak: Alt vi seier og skriv er ei spegling gjennom subjektet som ser. Men gjennom fleire sjåande kan eit rikare bilete oppstår. Dette som ei innleiing til nokre iakttakingar og refleksjonar frå verdskonferansen ved Goetheanum sist haust.

Eg kjenner meg på mange måtar heime i Dornach. Eg har studert der eitt år ved den naturvitskaplege seksjonen, og seinare gjennom 30  år stort sett hatt eit opphald der kvart år, som ein norsk representant frå landbruket. Det høyrer så og seie med til mi årsrytme.

Landbruk er ein nokså ny seksjon,  - den låg mesteparten av tida under den naturvitskaplege seksjonen. For omtrent 7 år sidan fekk landbruksseksjonen ny leiing, beståande av Jean Michel Florin (Frankrike), Ueli Hurter (Sveits) og Thomas Lüthi, som nok mange av oss kjenner frå Järna og Skillebyholm. Same året (2011) var den årlege internasjonale landbrukskonferansen i februar for fyrste gong ein prosessorientert konferanse, ut i frå det som er kjent som prosess U, utvikla av Klaus Otto Scharmer. Klaus Otto var sjølv til stades (og også m.a. Nicanor Perlas og Vandana Shiva). I så stort omfang, med 1000 menneske frå heile verda og lange ventelister var dette noko nytt og radikalt (radikalt av latin: radix, rot) ved Goetheanum. 

Gjennom desse 30 åra har eg altså kunne fylgje ei utvikling frå eit slags katolsk hierarki med mange små og store profetar og skriftlærde, med avgrensa lytte-evne og sosial intelligens – til eit lyttande, søkjande fellesskap, men også med stor handleevne. Sjølv har eg gått frå ei nokså marginal outsider-rolle til ei oppleving at synspunkt vert høyrde og teke på alvor. 

Etter kvart spelar faktisk landbruksseksjonen ei viktig rolle i fornyingsarbeidet ved Goetheanum. Ein betre leiingsstruktur og ei betre arbeidsform er på plass, - og dette danna også eit nødvendig fundament for verdskonferansen sist haust. 

Kva var?

Prosess U er eit reiskap for endring og utvikling, utprøvd frå små sosiale samanhengar til globale storkonsern. Fyrste stega nedover i venstre U-side er forsøksvis avstenging av vante forestillingar, tanke- kjensle og handlingsmønste som pregar kvardagen vår. Slik kan eit ope rom vekse fram, eit rom for nye impulsar, for kreativitet, - for nye måtar å sjå seg sjølv og verda på. Eg trur dette er ei nokså treffande beskriving for situasjonen under verdskonferansen: Ein har foreteke nedstigninga langs venstre sida i ein U-prosess, og er ankomen i botn. Altså ei reell openheit, kanskje også ein tilstand av rådløyse. Også ei realitetsorientering, i høve til at dei fleste tendensar, slik Espen Tharaldsen beskriv, peikar nedover. - Altså eit ope rom, - eit slags søkjande internasjonalt fellesskap. Dette er nytt. 

Kva var ikkje?

Dei fleste organisasjonar med tilsvarande aldersfordeling og manglande nyrekruttering ville for lengst ha teke grep.  For å trekkje ein parallell. Folkehøgskulane lever framleis og framstår i dag som vitale og moderne skular for unge menneske, med tilbod i alle moglege retningar, frå jazz til ekstremsport. Om ein les Grundtvig (1783-1872) finn ein lite om både jazz og ekstremsport. Har da rørsla gløymt sitt opphav – eller lever grunnideane om frie skular og menneskleg sjølvutvikling vidare i ei tidsmessig form?

Dette er, og her refererer eg til innleiinga – kjernespørsmålet i vår kjære antroposofiske rørsle. Former må koma og gå, dette er livsprinsippet, og få har illustrert dette betre gjennom eige liv og virke enn Steiner sjølv. Det er nok å tenkje på metamorfosen frå den fyrste til den andre Goetheanumbygning.

Som rørsle, særleg innanfor den meir organiserte, manglar vi mot til nyskaping og utvikling, til å  stå på eigne bein utan støtte i det Steiner har sagt eller skreve. På verdskonferansen var det  skuffande lite presentasjonar av nye initiativ og tankar om kva som trengs framover.

Det som ligg framfor oss er oppstigninga langs høgre side i U-bokstaven, gjennom individuelle, nyskapande  antroposofiske prototypar. Kanskje er 9 av 10 idear dårlege, men den 10 er kanskje ein framtidsnøkkel… Kanskje er både rosa og blåe kort levningar frå ei forgangen verd? Kvifor ikkje eit grønt kort, «a green card», eit ungdomskort for dei under 30?

Innan økologisk landbruk er vi kjende med «WWOOF» - ungdomar betaler ei årsavgift via internett og får da tilgang til oversikt over økologiske gardar med behov for arbeidshjelp rundt  om i verda. I vår samanheng kunne ein få tilgang til arrangement, prosjekt  og praksisplassar worldwide, – og andre ungdomar som kunne kontaktast t.d. for ein overnattingsplass. Fellesnemnar: Rett og slett så ope som eit søken etter ein djupare, ein åndeleg dimensjon i tilværet?

Mitt ynskje er altså at vi gjennom å ta Rudolf Steiner mindre bokstaveleg tar det essensielle meir på alvor. Verdskonferansen bør vera ein inspirasjon til å fatte mot til handling. Slik kan vi overvinne lengten attende til det fyrste Goetheanum og saman bygge på det tredje, som i større grad er ein sosial organisme enn ein bygning. 

Arkiv